Stifta | Nedlagd | Valdeltaking | Stortingsrepresentasjon |
---|---|---|---|
1933 | 1945 | 1933 - 1936 | Aldri |
Nasjonal Samling vart stifta før valet i 1933 av Vidkun Quisling. Partiet førte ei nasjonalistisk linje med sterke innslag av anti-bolsjevisme og fascisme. NS stilte til val i 1933 og 1936, men vann aldri nok stemmer til å bli representert på Stortinget. I 1940 forsøkte Quisling å gjere statskupp, og den 9. april proklamerte han ei regjering satt saman av NS-medlemmar. Forsøket blei ikkje noko suksess, og “NS-regjeringa” varte berre i tre dagar før den vart fasa ut av tyskarane. Quisling kom tilbake i posisjon i 1942, då han blei utnemnd til ministerpresident i “den andre NS-regjeringa”, som styrte Noreg på tyskarane sin nåde.
Ved fredsoppgjøret i 1945, blei Vidkun Quisling dømt til døden for landssviket sitt, og avretta ved Akershus festning. Partiet Nasjonal Samling forsvann frå det norske partilandskapet saman med sin leiar.
År | Hending |
---|---|
1933 | Nasjonal Samling stifta. |
1945 | Nasjonal Samling lagt ned. |