DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Fremskrittspartiet

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
08.04.1973 1973 - Minst ein periode

Historie

Fremskrittspartiet vart stifta i 1973 under namnet Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep. I 1974 døydde partistiftaren Anders Lange, og i 1977 endra partiet namn til Fremskrittspartiet. Då Anders Lange gjekk bort, overtok Carl I. Hagen Lange sin plass på Stortinget som suppleant for Oslo. Ved valet i 1977 fall partiet utanfor Stortinget, men frå og med valet i 1981 har Frp alltid vore representert i landet si lovgivande forsamling.

Frp slo seg for alvor opp som parti ved kommune- og fylkestingsvalet i 1987. Under valkampsinnspurten las partileiar Carl I. Hagen opp frå det sokalla Mustafa-brevet – eit brev som gjorde reie for korleis muslimar i Noreg så for seg å forvandle landet til ein muslimsk stat. Brevet hadde visstnok blitt send til Hagen av ein muslimsk innvandrar, og Hagen tok det i bruk for å understreke problem og manglar i norsk innvandringspolitikk. Brevet viste seg å vere falskt, og Hagen fikk mykje kritikk i media for måten han hadde gått fram på i saka. Veljarane responderte likevel positivt på stuntet, og ved valet fekk Frp 12 prosent oppslutning på landsbasis.

Både på 90- og 2000-talet opplevde Frp indre strid. I 1993 melde fleire medlemmar seg ut etter landsmøtet i Bolkesjø, og danna ein ny organisasjon, Fridemokratene. I 2001 oppstod det igjen usemje, noko som enda med at stortingsrepresentant Jan Simonsen vart ekskludert frå partiet. Simonsen meldte overgang til partiet Demokratene, leia av Vidar Kleppe, som heller ikkje var ynskja i Frp.

Dei siste åra, med Siv Jensen som partileiar, har uroa på innsida av Frp i stor grad stilna. Partiet har gjort fleire sterke val, og etablert seg som eit av dei største politiske partia i Noreg målt i valoppslutning.

Politisk er Fremskrittspartiet fyrst og fremst eit parti som ynskjer å redusera staten sin plass i samfunnet. Staten skal i minst mogeleg grad blanda seg inn i samfunnslivet for på den måten å gje plass for det private initiativ. Dei offentlege utgiftene skal reduserast for å kunna gje rom for skattelette. Sjølv om deler av denne politikken liknar på dei politiske standpunkta til Høgre, er det liten tvil om at Fremskrittspartiet ynskjer å gå hakket lengre enn Høgre.

Deler av partiet er sterkt inspirert av den økonomiske liberalismen, medan andre delar er blitt skildra som populistisk. Det har ofte vore usemje om kva for ein av dei to retningane det er som skal ha overtaket. På det omtala landsmøtet i Bolkesjø var det nettopp her skoen trykte. Liberalistane følte seg overkøyrd av den populistiske fløya i partiet, og fleirtalet av liberalistane braut ut av partiet. Organisasjonen dei starta, Fridemokratene, følgjer ei ideologisk line som er mykje meir reindyrka enn liberalismen ein finn i Frp.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1973 Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep, vart stifta.
1977 Partiet endra namn til Fremskrittspartiet.