View this page in English.

Høyre

Partibakgrunn

Stifta Valdeltaking Stortingsrepresentasjon
25.08.1884 1885 - Minst ein periode

Historie

Høyre vart skipa som politisk parti i 1884 som ein reaksjon på skipinga av Venstre. Bakgrunnen for partiskipinga var den såkalla "parlamentarismestriden", som i grove trekk handla om kva plass Stortinget skulle ha i det norske politiske systemet. Venstre ynskte eit parlamentarisk system der regjeringa skulle dannast med utgangspunkt i det partiet som hadde fleirtalet på Stortinget. Regjeringa skulle med andre ord vera avhengig av stønad frå Stortinget for å kunna styra. Høgre ville derimot ha ei regjering som var uavhengig av Stortinget, og som difor ikkje kunne tvingast til å gå av dersom fleirtalet av dei folkevalde ynskte det. Striden enda med siger for Venstre.

I 1880-åra vart Høyre oppfatta som eit parti som framfor alt var oppteke av å forsvara interessene til embetsmennene og dei øvre sosiale sjikta i samfunnet. Partiet ville ta vare på samfunnet slik det var, og var difor ein aktiv motstandar av dei politiske og sosiale reformene som fyrst Venstre, og seinare Arbeidarpartiet, gjekk inn for. Etter kvart utvikla Høyre seg til eit parti som fyrst og fremst var oppteke av å verna den private eigedomsretten og av å leggja tilhøva til rette for at næringslivet skulle kunna utvikla seg. Høyre har i stor grad bygd sin politikk på idear henta frå konservatismen og den økonomiske liberalismen.

I perioden fram til andre verdskrigen hadde Høyre regjeringsmakta fleire gonger. Etter krigen har partiet skipa regjering ein gong åleine, Willoch 1981-83, og leia tre koalisjonsregjeringar, Lyng, Willoch og Syse. Partiet deltok dessutan i regjeringa Borten. Med Willoch som partileiar på tidleg 80-tal gjor Høyre fleire gode val, og partiet stod sterkt også når det kom til betalande partimedlemmar. Etter at Willoch gjekk av har oppslutninga til Høyre variert mykje, og i 1997 gjor partiet sitt til då dårlegaste val i heile etterkrigstida. Partiet fikk deretter ein oppsving i valoppslutning i 2001, og gjekk inn i Bondevik II-regjeringa saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. I 2005 gjekk partiet si oppslutning tilbake igjen, og med 14,1 prosent gjorde Høyre sitt dårlegaste stortingsval nokosinne.

Sentrale organisatoriske hendingar

ÅrHending
1884 Høgre vart stifta.
1900 Centrum lagt ned. Nokre gjekk over til Høgre.
1906 Moderate Venstre lagt ned. Nokre gjekk over til Høgre.
1936 Frisinnede Folkeparti lagt ned. Nokre gjekk over til Høgre.