DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Centrum

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1893 1900 1894 - 1900 Minst ein periode

Historie

Partiet Centrum vart skipa i 1893 av ei utbrytargruppe frå Venstre. Partiet kan ein på mange måtar karakterisera som Austlandets moderate parti. På Vestlandet hadde ei utbrytargruppe frå V alt skipa partiet Moderate Venstre i 1888. Centrum eksisterte berre som sjølvstendig parti i om lag sju år, før partiet gjekk inn i Høgre rundt år 1900.

Partiet følgde ei ideologisk line som låg nært opp til den konservative delen av Folkehøgskulebevegelsen i Norge. Formann i partiet, cand. theol. Frits Hansen, hadde sjølv bakgrunn som folkehøgskulelærer ved både Sagatun Folkehøgskule på Hamar og Vonheim i Gausdal.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1893 Centrum stifta av ei utbrytargruppe frå Venstre.
1900 Centrum lagt ned. Nokre gjekk over til Høgre.