DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Kristelig Folkeparti

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
04.09.1933 1933 - Minst ein periode

Historie

Kristelig Folkeparti vart stifta i 1933 på bakgrunn av ein lokal strid i Hordaland Venstre. Venstre ville ikkje nominera leiaren for Indremisjonen på Vestlandet, Nils Lavik, på sikker plass til stortingsvalet. Lavik melde seg ut av Venstre og var med på å ta initiativ til ei ny valliste. Partiet vart fyrst organisert på Vestlandet, og vart ikkje landsomfemnande før i 1938. Etter andre verdskrigen stilte partiet til val over heile landet.

Kristelig Folkeparti ynskjer å forsvara dei kristne verdiane og den kristne tru og moral i samfunnet. Ein sterk posisjon for den tradisjonelle kjernefamilien har vore eit sentralt punkt i KrF sin politikk. Dei siste åra har KrF også engasjert seg sterkt i saker som kamp mot nasjonal og global fattigdom, betre eldreomsorg, og miljø- og klimavern.

Partiet har teke del i alle dei borgarlege koalisjonsregjeringane etter krigen, og tre gonger har dei hatt statsministeren; Korvald i 1972-73 og Bondevik 1997-2000 og 2001-2005. Etter at Bondevik gjekk av som partileiar, har Kristelig Folkeparti slitt med lav valoppslutning. I 2009 gjorde partiet sitt svakaste stortingsval nokon sinne, då det berre fekk 5,5 prosent av stemmene på landsbasis.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1933 Kristelig Folkeparti vart stifta.