DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Senterpartiet

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
1920 1906 - Minst ein periode

Historie

Senterpartiet vart danna i 1920 under namnet Bondepartiet. Skipinga av Bondepartiet sprang ut frå økonomiske motsetnader mellom jordbruksnæringa, som med unntak av storbøndene på Austlandet tradisjonelt hadde slutta opp om partiet Venstre, og dei økonomiske liberalistane i Høgre og Venstre. For å forsvara sine økonomiske interesser overfor styresmaktene, oppretta bøndene først ein slagkraftig interesseorganisasjon, Landmandsforbundet, i 1896. Denne organisasjonen gjorde sitt beste for å få innverknad over nominasjonane til dei politiske partia og byrja så smått også å stilla eigne kandidatar ved vala. I 1918 vart Landmandsforbundet for fyrste gong representert på Stortinget. I 1920 vart det endelege steget inn i politikken teke, og Bondepartiet vart oppretta som eit parti for å vidareføra Landmandsforbundet sitt politiske arbeid.

Bondepartiet har alltid vore særleg oppteke med å tena interessene til jordbruket, men etter krigen blei fokus satt på distriktspolitikk meir generelt. I 1959 vart partinamnet endra til Senterpartiet som for å understreke lineskiftet, og kanskje som ein freistnad på å vinna oppslutning hjå veljargrupper utanfor jordbruksnæringa. Partiet trefte ikkje så verst med den nye taktikken, og i 1965 fekk det sin fyrste statsminister i Per Borten, som leia ei brei koalisjonsregjering satt saman av Senterpartiet, Høgre, KrF og Venstre. I tillegg til Borten-regjeringa, har Senterpartiet og teke del i fleire borgarlege koalisjonar etter krigen: Lyng-regjeringa (1963), Korvald-regjeringa (1972-73), Willoch-regjeringa (1983-86), Syse-regjeringa (1989-90) og Bondevik-regjeringa (1997-2000).

Senterpartiet har kjempa hardt for sine kjernesaker opp gjennom åra, og har tidvis gjort gode val som følgje av nettopp det. Under begge EF-/EU-avstemmingane var partiet det leiande partiet på nei-sida, og i forkant av EU-avstemming i 1993 gjorde Senterpartiet sitt beste val nokosinne og vann 32 stortingsmandat. Etter dette rekordvalet har ikkje oppslutninga kring Senterpartiet vore like stor. Da partiet tok del i sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik, hadde det berre 11 mandat på Stortinget.

Før valet i 2005 endra Senterpartiet kurs med omsyn til koalisjonspartnarar. Etter tidlegare å ha operert på sentrum-høgresida, allierte Sp seg med Arbeidarpartiet og SV i det såkalla raudgrøne samarbeidet. Koalisjonen vant valet i 2005, og blei attvald i 2009, begge gongane med Jens Stoltenberg som statsminister. Men, også i den raudgrøne koalisjonen har Senterpartiet haldt fram med å kjempe hardt for sine eigne kjernesaker, det vil seie distriktspolitikk av ymse slag.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1920 Bondepartiet vart stifta.
1959 Bondepartiet endra namn til Senterpartiet