DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Venstre

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
28.01.1884 1885 - Minst ein periode

Historie

Venstre vart stifta i 1884 som det aller fyrste politiske partiet i Noreg. Bakgrunnen for partiskipinga var den såkalla "parlamentarismestriden", som i grove trekk handla om kva for ein plass Stortinget skulle ha i det norske politiske systemet. Venstre ynskte eit parlamentarisk system der regjeringa skulle skipast med utgangspunkt i det partiet som hadde fleirtal på Stortinget. Regjeringa skulle med andre ord vera avhengig av stønad frå Stortinget for å kunna styra. Hovudmotstandaren i det politiske landskapet i 1880-åra, Høgre, ynskte heller ei regjering som var uavhengig av Stortinget og som difor ikkje kunne tvingast til å gå av dersom fleirtalet av dei folkevalde ynskte dette.

Venstre var opphavleg ein brei allianse av bønder og småkårsfolk på landsbygda og ulike radikale og reformvennlege grupper i byane, mellom anna lærarar, sakførarar og handtverkarar. Etter kvart slutta også delar av arbeidarklassen opp om Venstre. Mange har difor sett på sigeren til venstrerørsla i 1884 som eit opprør basert på skarpe klassemotsetnader.

Venstre var ei drivkraft i kampen for røysteretten, og gjekk også tidleg inn for ein sosial reformpolitikk for å sikra dei lågare samfunnslaga. Ei viktig grunngjeving for dette var nok at partiet ville mobilisera den framveksande arbeidarklassen i sin kamp mot Høgre. På lengre sikt lukkast ikkje denne strategien, då arbeidarane stifta sitt eige parti i 1887 med hadde mykje meir radikale reformplanar.

Venstre er vorte splitta fleire gonger. Alt i 1888 braut ei fundamentalistisk kristenfløy ut og skipa Moderate Venstre. I 1903 braut ei gruppe liberale ut, og denne gruppa vart seinare fundamentet for skipinga av Det Frisinnede Venstre i 1909. I 1920 skipa bøndene sitt eige parti, Bondepartiet, og gjorde på denne måten eit kraftig innhogg i veljargrunnlaget til Venstre. I 1933 braut kristenfolket ut av Venstre og skipa KrF. Partiet vart også splitta i 1972 som eit resultat av EF-striden. Tilhengjarane av norsk medlemskap braut ut og skipa Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet). Dei to fløyene vart på ny samla framføre stortingsvalet i 1989.

Venstre har henta mykje av sin politikk frå den politiske liberalismen, ein ideologi som mellom anna legg stor vekt på individuell fridom. Venstre i dag følgjer det som vert kalla ei sosialliberalistisk line, noko som plasserer partiet i sentrum av det politiske landskapet. Venstre vektlegg både stor individuell fridom og sterkt sosialt ansvar. Partiet har i nyare tid engasjert seg sterkt i sosialpolitiske saker som skule, miljø og velferd, og i distriktspolitikk.

Venstre var i mange tiår eitt av dei største partia i Noreg, og hadde regjeringsmakt mange gonger fram til andre verdskrigen. Etter krigen gjekk oppslutnaden raskt nedover, og ved vala i 1985 og 1989 stod partiet utan representantar på Stortinget. Utover 90-talet betra oppslutninga kring partiet seg igjen, og både ved valet i 1993 og i 1997 vann Venstre mandat på Stortinget. Sidan årtusenskiftet har partiet alltid vore representert på Stortinget med minst to mandat.

Partiet har teke del i fem koalisjonsregjeringar etter krigen; Lyng (1963), Borten (1965-71), Korvald (1972-73), Bondevik I (1997-2000) og Bondevik II (2001-2005).

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1884 Venstre vart stifta.
1888 Venstre miste ein religiøs fløy til Moderate Venstre.
1893 Venstre miste ei utbrytargruppe til Centrum.
1903 Venstre miste ei utbrytargruppe til Det liberale parti.
1909 Venstre miste ei utbrytargruppe til Frisinnede Venstre.
1920 Venstre miste ei utbrytargruppe til Bondepartiet
1933 Venstre miste ei utbrytargruppe til Kristeleg Folkeparti
1972 Venstre miste ei utbrytargruppe til Det Nye Folkeparti
1989 Det Liberale Folkepartiet vart lagt ned. Nokre gjekk inn i Venstre.