Stifta | Valdeltaking | Stortingsrepresentasjon |
---|---|---|
1973 | 1973 - Sammen med uavhengige sosialister utgjorde partiet en del av RØD VALGALLIANSE og deltok i valg gjennom denne organisasjonen. | Aldri |
I 1969 braut ungdomsorganisasjon til Sosialistisk Folkeparti ut av moderpartiet. Dei unge kreftane i partiet ynskte å arbeida for dei sosialistiske ideala til Lenin og Mao på ein annan måte enn resten av SF. I 1973 vart Arbeidernes Kommunistparti(m-l) formelt stifta, og frå valet i 1977 var partiet den sentrale aktøren i valorganisasjonen Raud Valallianse (RV). Partiet førde ei radikal kommunistisk linje, og bygde politikken sin på Mao Tsetungs tenking.
I 1991 vart valalliansen RV skilt ut som eige parti, utan juridisk band til AKP. I dei om lag femten åra som følgde fortsette dei to parti likevel å samarbeide i høve val, og AKP stilte ikkje med eigne lister i perioden etter oppsplittinga av valalliansen. I 2005 blei det starta ein prosess for å slå dei to partia saman, noko som til slutt vart vedtatt på ekstraordinært landsmøte i 2007. AKP som sjølvstendig parti blei lagt ned i april 2007.
År | Hending |
---|---|
1973 | Arbeidarane sitt kommunistparti (marxist-leninistane) vart formelt skipa i 1973, men er ei vidareføring av den ungdomsgruppa som braut ut av SF i 1969. |