DATA OM DET POLITISKE SYSTEM

Sosialistisk Venstreparti

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
1961 1961 - Minst ein periode

Historie

Sosialistisk Venstreparti (SV) vart formelt stifta i 1975, men det er ein meir eller mindre direkte arvtakar etter partiet Sosialistisk Folkeparti som vart skipa i 1961. Sosialistisk Folkeparti vart skipa av ei gruppe personar (den såkalla Orienterings-krinsen) som vart ekskluderte frå Arbeiderpartiet fordi dei var i sterk opposisjon til partileiinga i utanriks- og forsvarspolitiske spørsmål. Særleg gjaldt dette tilhøvet til NATO og atomvåpen. I 1969 braut den radikale ungdomsorganisasjonen ut av partiet, og skipa AKP i 1973.

Etter den fyrste folkerøystinga om EF i 1972, gjekk Sosialistisk Folkeparti, Norges Kommunistiske Parti og ei mindre utbrytargruppe frå DNA til val under fellesnemninga Sosialistisk Valgforbund. Eit par år seinare, i 1975, vart grupperinga etablert som politisk parti under namnet Sosialistisk Venstreparti. Sosialistisk Folkeparti vart då lagt ned, medan eit fleirtal i Norges Kommunistiske Parti gjekk inn for å oppretthalda det gamle kommunistpartiet.

SV ynskjer å gjera Noreg til eit sosialistisk samfunn, men verkemidla for å få dette til har vorte stadig meir moderate. På mange måtar har partiet utvikla seg frå å vera eit revolusjonært parti til å vera eit meir reformistisk parti. Denne utviklinga har vore synleg også i kampsakene til SV. Mens fokuset på 70-talet i hovudsak var på klassekamp og tradisjonell sosialisme, tok SV utover 80-talet og 90-talet tak i ei rekke nye saker som gjorde at dei for alvor etablerte seg i det norske politiske landskapet. Likestilling, miljø og skule og utdanning er saker SV har blitt bland dei fremste faneberarane for. Partiet har og manifestert seg som eit viktig “Nei til EU”-parti saman med Senterpartiet, og det spelte ei viktig rolle i EU-kampen midt på 90-talet.

Oppslutninga kring SV i høve stortingsval har variert ein heil del dei siste 30 åra. Partiet opplevde eit historisk gjennombrot i 2001, da det oppnådde 12,5 prosent av stemmene, og med det 23 mandat på Stortinget. Før valet i 2005 inngjekk SV samarbeid med Ap og Sp, noko som resulterte i at partiet for fyrste gang i historia hamna i regjering. Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg som statsminister vart og attvald i 2009. Sosialistisk Venstreparti si regjeringsdeltaking er kanskje det tydelegaste symbolet på korleis partiet har gått frå å være eit radikalt og revolusjonært venstreparti til å bli eit etablert og meir reformistisk sosialistparti.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1961 Sosialistisk Folkeparti stifta av ekskluderte medlemmer frå DNA.
1969 Deler av ungdomsorganisasjonen braut ut og stifta Arbeidernes Kommunistparti i 1973.
1975 Namnet endra frå Sosialistisk Folkeparti til Sosialistisk Venstreparti